Søstre for søstre

Desiree kjem til Vestlandtreffet 2018 og fortel om prosjektet!

Først som sist vil eg minne om at du gjerne kan ta med toalettmapper og levere på treffet. Men kva er Søstre for søstre egentlig?

Søstre for søstre er ein stiftelse som vart etablert 30. januar 2015.

Eg satt på syrommet mitt og sydde – svigerinna mi Lene – som er daglig leder ved Krisesenteret i Bergen – låg på gjestesenga og vi småprata. Det var dagen før bursdagen min. Da slo ideen ned i meg. Kva med å sy toalettmapper – fylle dei med innhald – og donere til krisesenter?

Lene var positiv og først tenkte vi Bergen Krisesenter. Det gjekk ikkje lang tid før eg fekk henvendelsar fra heile landet – alle ville hjelpe sine lokale senter.

Pr 31. Januar 2018 har vi levert bortimot 3000 toalettmapper. Nokre er levert fra meg til senter – og mange er levert fra quiltelag til lokale senter.

Når prosjektet vaks og vart stort så var det fleire mønsterdesignere so var positive til å støtte det. AnnAKa designa Annas Toalettmapper, Bente Malm designa Bentes Toalettmappe, RyumQuilt designa Fru Olsens Toalettmappe og også Punger og Pennal - og også Wigdis Viktorsdatter Ødeby laga ei toalettmappe som heitte Olive. Dette har vore til stor hjelp når vi skulle samle inn toalettmapper.

Bli gjerne medlem av Søstre for søstre på Facebook.

Til deg som vil støtte prosjektet - her er ulike måter å hjelpe på;

  1. Du kan sy ei toalettmappe - sende den til meg på add:

    • Desiree’s Lappeteknikk, Vadheimsvegen - 6973 Sande

    • Sett inn 200 kr på konto 1254 62 388 98.

    • Å sende ei full toalettmappe i posten koster 155 kr så det er ikkje å anbefale.

  2. For deg som ikkje har mulighet til å sy så kan du sette inn 200 kr på konto 1254 62 388 98.

    • Da kan dei som har lyst til å sy mange mapper men som ikkje har råd til å betale innhaldet til alle mappene sjølv gjere det og du fyller den med ditt bidrag.

  3. Du kan sy fleire mapper og få venninner og familie til å sponse innhaldet.

  4. Du kan ta initiativ i quiltelaget ditt at dei kan sy til dåkas lokale senter. Da treng eg vite kven dåke vil sy til så eg kan finne ut om dei er med. Er dei ikkje med tek eg kontakt og avklarer behovet.

  5. Dersom du kun kan bidra med innhold til ei mappe men vil sy fleire avtaler du dette direkte med meg - så ser eg om vi har givere nok.

  6. Du kan vippse pengene til Søstre for søstre. Da må du klikke Betal i appen.

© 2023 by Svein Bjarte Johansen